Nyhende

  • strict warning: Non-static method view::load() should not be called statically in /home/zapatista/zapatista.no/www/sites/all/modules/views/views.module on line 906.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_validate() should be compatible with views_handler::options_validate($form, &$form_state) in /home/zapatista/zapatista.no/www/sites/all/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 0.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter::options_submit() should be compatible with views_handler::options_submit($form, &$form_state) in /home/zapatista/zapatista.no/www/sites/all/modules/views/handlers/views_handler_filter.inc on line 0.
  • strict warning: Declaration of views_handler_filter_boolean_operator::value_validate() should be compatible with views_handler_filter::value_validate($form, &$form_state) in /home/zapatista/zapatista.no/www/sites/all/modules/views/handlers/views_handler_filter_boolean_operator.inc on line 0.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_style_default::options() should be compatible with views_object::options() in /home/zapatista/zapatista.no/www/sites/all/modules/views/plugins/views_plugin_style_default.inc on line 0.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_validate() should be compatible with views_plugin::options_validate(&$form, &$form_state) in /home/zapatista/zapatista.no/www/sites/all/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 0.
  • strict warning: Declaration of views_plugin_row::options_submit() should be compatible with views_plugin::options_submit(&$form, &$form_state) in /home/zapatista/zapatista.no/www/sites/all/modules/views/plugins/views_plugin_row.inc on line 0.

Hordaland Kunstsenter sel Café Ya Basta

Visste du at du kan få kjøpt kaffi ved Klosteret i Bergen?
 
Hordaland Kunstsenter i Bergen sel posar av filterkaffi frå Zapatistgruppa.Dei held til ved Klosteret på Nordnes. Dei har opent onsdag-søndag 12-18.
 

Kaffiprisane går opp

Prisen for kaffi i verdsmarknaden går stadig opp, og me aukar difor prisen på 500g kaffi kjøpt frå lager til 60kr posen frå 1. mars. Dette gjer at me kan betale bøndene betre for kaffien me har tinga for 2012. Med den nye prisen kostar café yabasta omkring det same som normal utbyttarkaffi kjøpt i ein daglegvarebutikk. Grunnen til at me kan selje kaffien så billeg er at alt importarbeidet skjer på dugnad. Me kunne difor betale bøndene omkring dobbelt så mykje for kaffien i 2011 som dei hadde fått om dei hadde selt kaffien som såkalla "rettferdig" til eit av dei norske kaffihusa.

Ny kaffi!

Vi fekk 15. september levert 3400 pakker ferskmalt kaffi. Lageret vårt er no stappfullt, så kjøp gjerne kaffi av oss.

Ny kaffi på veg

Då er ny filterkaffi brent og på veg over fjellet mot Bergen. Vi har og fått fleire nye utsalsstadar. Kjøp Cafè Ya Basta hos din lokale forhandlar eller via nettbutikken vår i dag!

God sumar!

Sola har kome til Bergen, og zapatistgruppa tek ein velfortent sumarferie. Neste utsending av kaffi vert 1. august. I mellomtida kan du
kjøpa kaffi hjå eit av våre mange utsal, eller tinga frå nettbutikken
til Friends fair-trade www.fft.no.

Julesal

Julesal på Knøderen, onsdag 8. desember kl. 17

13.08.09: Paramilitære sette fri

20 paramilitære som har vore fengsla for Acteal-massakren i 1997 vert no sett fri etter ein dom i meksikansk høgsterett. 45 sivile menn, kvinner og barn vart drepen i massakren, og mange familiar bur framleis i flyktningeleirar pga konflikta. Les om løslatinga hos CNN2009-08-13

Kaffi på veg

I sumar seksdoblar me importen av zapatistkaffi, og dei 3 tonna med grønne bønner kom for to dagar sidan til Uppsala med båt frå Chiapas. I Sverige brenn og målar me kaffien ilag med våre svenske og finske systergrupper, og vonar å ha det fyrste partiet på lager i Bergen i August. Kaffi kan du tinga alt no! Send tinginga til bergen@zapatista.no


Zapatistgruppa i Bergen
bergen@zapatista.no

Handlevogn

Vis handlevogna di.