Zapatistisk kaffi

Kvifor bør du drikke zapatistkaffi?

Fyrst og fremst fordi den er god! Ein annan grunn er at han er produsert utan bruk av sprøytemiddel eller kunstgjødsel. Og sist, men ikkje minst, du stør zapatistbøndene og deira oppbygging av eit rettvist, demokratisk og økologisk berekraftig samfunn.

Kven dyrkar kaffien?

Me har importert kaffi frå ulike zapatistiske samvirkelag, mellom anna Yachil,  Ssit Lequil Lum og Mut Vitz. Dei siste åra har me selt kaffi frå Yachil.

Er kaffien økologisk?

All kaffi dyrka av medlemmene i samvirkelaget Yachil er dyrka utan bruk av kunstgjødning og sprøytemiddel, og er økologisk sertifisert av den meksikanske versjonen av Debio, Certimex.

Korleis tilbereder eg kaffien?

Det kjem sjølvsagt an på korleis du likar han og kva utstyr du har (sjå Fakta om kaffi). Men ein tommelfingerregel kan vere omlag 5 kaffimål per liter vatn. Kaffien er litt mørkare og sterkare enn tradisjonell norsk filterkaffi, noko som gjer litt meir smak.


Zapatistgruppa i Bergen
bergen@zapatista.no

Handlevogn

Vis handlevogna di.

Katalog