Konflikta i Chiapas

Den 1. januar 1994 gjekk zapatistane til opprør og okkuperte sju tettstader i den meksikanske delstaten Chiapas. Bøndene i kaffikooperativa vi importerer frå er alle med i zapatistrørsla. På denne sida vil vi kome med bakgrunnsinformasjon om kvifor dei gjekk til opprør, korleis opprøret gjekk for seg og fortelje litt om kva som har skjedd i etterkant. Bruk gjerne lenkene i menyen oppe til høgre.

Den usynlege krigen

12. januar 1994 inngjekk zapatistane og den meksikanske hæren våpenkvile. Zapatistopprørarane har trukke seg attende, og sagt at kampen vidare held fram med andre middel enn våpen. Til tross for dette står rundt ein tredjedel av den meksikanske hæren framleis i Chiapas, og det vert kvar veke rapportert om overgrep på sivile frå militære og paramilitære grupper. 

«Bestridt virkelighet - En studie av makt, kunnskap og geografi i konflikt over utvikling i det sørlige Mexico» (6 Mb pdf)
er Marry-Anne Karlsen si hovudfagsoppgåve frå 2006. Oppgåva tek for
seg «konflikten som oppstod i Sør-Mexico rundt utviklingsprosjektet
Plan Puebla Panama (PPP), slik den utspiller seg i møte med
zapatistenes oppbygging av autonome samfunn i Chiapas, Mexico.»


Zapatistgruppa i Bergen
bergen@zapatista.no

Handlevogn

Vis handlevogna di.