Usynleg krig

Det er krig i Mexico. Men kvifor høyrer vi ingenting om den?

”Urbefolkninga lever i tilsynelatande fred, men det er ikkje som
den verdige freden dei ynskjer. Det er myndigheitane sitt forsøk på
å dysse ned opprøret til zapatistane og ynskje deira om forandring.
Myndigheitane sin fred er ein tilstand utan opne konflikter, eller
opne dialoger, men prega av frykt, splitting og vald.” (Frå
melding av boka "Chiapas: den voldelige freden")

Eit samlet folk kan aldri tape!

Dei militære styrkane som rykka inn i Chiapas etter opprøret
1994 skulle først og fremst knekke zapatistane sin motstandskamp.
Andre grunnar staten har brukt for å konsentrere opptil ein
tredjedel av styrkane sine i denne eine delstaten har blant anna vore
å bekjempe narkotrafikk og å beskytte befolkninga mot
zapatistopprørarane. I Lacandona-jungelen kor EZLN hadde base, var
militærleirane mobile. Dei var heim for små, spesialtrente styrkar
som skulle vere i stand til å følge zapatisthæren sine rørsler og
utføre raske, målretta operasjonar. Soldatane trengte seg inn i
landsbyar på leiting etter zapatistleiarar og sympatisørar, men
zapatistane heldt saman som organisasjon. Dei tiltrakk seg stadig
fleire tilhengjarar både lokalt, ellers i Mexico og i resten av
verda. Hæren innsåg at forfølging, arrestasjonar og henrettingar
ikkje førde fram, men heller styrka motstanden. I staden for å
kjempe mot lokalbefolkninga, ville hæren skaffe seg allierte for å
infiltrere samfunna deira. Dei militære underbygde konflikter i
landsbyane og sørga for å trene og væpne regjeringsvennlege,
militante grupper til å kjempe mot opprørarane. Blant annet på
denne måten kom den amerikanske ideen om lavintensiv krigføring til
uttrykk, ein psykologisk kamp kor målet er å drepe sjølve
opprøyrsånda.

”Eit aspekt ved denne krigen regjeringa fører mot urbefolkninga
er foruten å trakassere dei med hæren og forfylgje dei med
politiet, så organiserar dei væpna grupper på tvers av og innanfor
lokalsamfunna for å bekjempe dei som er mot regjeringa, ikkje berre
zapatistane, men òg andre politiske grupper. Det er ein metode for å
overvinne og audmjuke dei.”

Subcomandante Insurgente Marcos, La Realidad, Chiapas

Du skal ikkje bite handa som gjev deg mat

Medan etterretningstjenesta leitar etter EZLN i Lacandona, er den
militære interessa i fjellområda hovudsakleg å splitte
sivilbefolkninga, den som gjer liv til motstandskampen.
Militærleirane vert satt opp tett inntil landsbyar og soldatane
provoserar og sprer frykt ved blant anna å gå bevæpna inn i ein
landsby for å spørre om prisen på mais, passere unødvendig ofte i
militærkøyretøy og angripe antatte zapatistfamiliar. Samtidig set
dei i gong hjelpetiltak for dei som støttar regjeringa. – I Los
Altos ynskjer hæren å byggje opp tillit blant delar av befolkninga.
Dei opprettar såkalte samfunnsarbeidsleirar kor dei tilbyr hårklipp,
jevnleg helsesjekk og skulegong. Soldatane utfører tilboda, og slik
vil lokalbefolkninga få eit positivt forhald til hæren. Dette
fortel Julio César Ortega ved Senter for politisk analyse og sosiale
og økonomiske etterforskningar (CAPISE). Enkelte stader har
soldatene òg ansvar for å distribuere statlege program som
"Desayuno Escolar y Oportunidades" til dei
regjeringsvenlege familiene. Det som verkeleg trengst er å gjere det
leveleg å drive jordbruk, men staten gjer berre småbøndene akkurat
nok pengar til å halde dei på si side.

Representantar frå organisasjonen CAPISE har på grunnlag av
landsbybebuarane sine uttalar mykje å fortelje om staten sin splitt
og hersk - teknikk. Ortega fortel om rekruttering av paramilitære:

–Soldatane inviterar ofte gutar frå nabolandsbyen til
basketballkamp, og etter kampen sørgjer soldatane for sosialt samvær
med brus og småprat. Soldatane serverar òg alkohol, narkotika og
prostituerte og det blir ofte vist amerikanske krigsfilmar som
idealiserar hæren si rolle og bidrar til at gutane adopterar ein
vestleg identitet. Dei får eit venleg forhald til soldatane og blir
fortalt soldatane sin versjon av kvifor dei er utplassert der. Hæren
si oppgåve er å beskytte fedrelandet mot fienden, og i denne
samanhengen er fienden zapatistane. Landsbygutane får etter kvart
våpentrening og blir tilbudt stipend for å kunne fortsette
skulegongen. Snart står dei i stor gjeld til venane sine i
militærleiren og det blir vanskeleg å si nei når dei vert bedd om
tjenester som å fjerne ein opposisjonsleiar, peike ut
zapatistfamiliar eller drive opprørarar ut av landsbyen.

Å drepe brør - òg brør i blodet

Organiseringa av væpna sivile er eit tiltak for å sette ulike
grupper av sivilbefolkninga opp mot kvarandre og dermed gjere
konflikta lokal. Gjennom historia har godseigarar hatt eigne
politistyrkar, såkalla ”kvite vakter,” til å slå ned opprør
blant småbønder og landarbeidarar. I dag er denne rolla tatt over
av paramilitære styrker, som i Chiapas vert leia og finansiert av
lokale PRI-politikarar i høge stillingar. Dei paramilitære gruppene
er ofte utstyrt med våpen og uniformer frå hæren og
sikkerheitspolitiet, og det blir organisert pengeinnsamlingar i
landsbyane for å dekke utgiftene.

- "Leiaren for dei paramilitære beordra oss til å kjøpe
inn våpen. Han sa at om nokon nekta å samarbeide, ville dei få
besøk om natta. Av frykt for å bli drept valgte mange å følge
ordra sjølv om dei visste at våpna ville bli brukt mot dei",
forklarar ei landsbykvinne.

Den væpna gruppa "Paz y Justicia" har blitt mykje
omtalt for sine herjingar i Zona Norte.

Eit liv i konstant frykt

Massakren i Acteal i 1997 kor 45 flyktningar vart slakta ned av
paramilitære vert hugsa av mange. Men heller enn ei enkeltståande
hending bør den sjåast på som klimakset i ein periode prega av
samarbeidet mellom hæren, PRI og dei paramilitære gruppene. Dei
paramilitære skulle sørge for at makta til PRI ikkje vart svekka,
og motstandarane deira var ikkje berre zapatistane.
Urbefolkningsområda i Chiapas er prega av eit mangfald av grupper i
motstand. Deriblant ein pasifistorganisasjon som kallar seg "Las
Abejas", Biene.

- "Dei paramilitære trua med å drepe oss om vi ikkje støtta
deira parti, PRI. Dei skulda oss for å vere zapatistar og angreip.
Vi heldt ikkje ut meir og rømde frå landsbyen. Då vi hadde drege,
vart husa våre rana og brent." Dette fortel Florinda frå
landsbyen Yaxgemel. – "Vi budde fire år i flyktningleir og
kunne ikkje dra tilbake om dagane for å dyrke jorda fordi dei
paramilitære kontrollerte landsbyen vår. Livet vart endå hardere
då soldatene tok brønnen ved leiren vår. Vi hadde ingenting å
leve av så kvinnene begynte å selge håndarbeid for å overleve."

Som ein del av offensiven mot zapatistane organiserte hæren
enkelte stadar ”returmarsjar for flyktningane som framleis budde i
flyktningleirane (...). Formålet var å starte konfrontasjoner
mellom militante PRI-tilhengjarar og zapatistar”. Returane vart
gjennomført kort tid etter at motstandsgruppene var blitt drivne ut
av landsbyane sine,og det var ikkje noko vilkår for at de
paramilitære ville la dei vere i fred.

”Dei grusomme angrepa frå den meksikanske hæren har vore
konstante, omgripande og kjønnsretta. Dei har konsentrert seg om
kvinner på grunn av deira styrke. (...) Kvinner vert voldtatt,
angripne, trakassert og overfalt. Eg trur målet er å øydeleggje
den sosiale strukturen. Du øydelegg strukturen ved å fjerne limet.
Og dette limet er kvinnene.” Dette seier Vivian Stromberg, leder
for menneskerettighetsorganisasjonen MADRE.

Kvinnene sin sosiale vev

Fordi kvinnene utgjer bindevevet som held samfunnet saman, er dei
eit sjølvsagt mål i lavintensitetskrigen. Diskriminerande overgrep
kuar kvinnene og tar frå dei menneskeverdet. – Det er ikkje
sjeldan at heile familiar besøkjer militærleiren saman, og medan
mannen og barna ventar utenfor, går mora inn for å selgje kroppen
sin. Når ha så kjem ut, kan dei gå på markedet og handle mat,
forklarar en landsbybuer i Yaxgemel til CAPISE under eit av deira
møter. Innføring av alkohol og narkotika, kombinert med ein presset
livssituasjon, aukar òg problemet med vald i heimen. Staten si
selektive utdeling av goder som næringstilskudd, helseopplysning og
stipend er andre metodar for å demoralisere befolkninga og skape
splittingar og misnøye innanfor i landsbyar.

- "Etter år med spenning og indre konflikter forsvinn
forståing og skjønn rundt situasjonen. Frykta vert ein del av
kvardagen, men det betyr på ingen måte at den ikkje er dere. Det
fins ikkje fred i landsbyane",seier Ortega.

Enkelte av overgrepa som blir begått på landsbygda blir anmeldt,
men saka vert sjelden grundig behandla, hvis den blir sett på i det
hele tatt. Myndigheitane unngår diskret å bli konfrontert med
ugjerningane dei paramilitære utfører på deira vegne.

Kjelder:

Julio Ortega ved CAPISE

Innbyggere i landsbyen Yaxgemel, Chenalhó, Chiapas Onécimo
Hidalgo, Gustavo Castro, Población desplazada en Chiapas, CIEPAC,
Consejería en Projectos, San Cristóbal de las Casas, 1999

BigNoise films, Zapatista, Norge/USA, 1998

CAPISE-rapport

 


Zapatistgruppa i Bergen
bergen@zapatista.no

Handlevogn

Vis handlevogna di.