Historie

Korleis har det seg at ei urfolksrørsle reiste seg fra djupet av Lacandona-jungelen i 1994?

Motstanden si historie

Den spanske erobraren Hernán Cortés satte beina på meksikansk jord i 1519. Ny-Spania vart namnet på den nye kolonien. Sjølv om det aztekiske riket fall, fortsatte motstanden lokalt. I Mexico sin søraustlege delstat Chiapas har urfolk av mayabakgrunn levd i motstand siden europearane si erobring. Før spanjolene kom hadde dei eit politisk system utvikla over lang tid. I dei ulike sentra var det hierarkiske systemet strengt og fulgte prinsippet om at enkelte har betre evner til å utføre politiske funksjonar enn andre. Spanjolene plasserte urbefolkninga i eigne landsbyar for slik å kontrollere dei. Deira krav om politisk og økonomisk autonomi vart oversett, samtidig som spanjolane sine koloniale institusjoner vart tvungne på dei.

Enkelte landsbyar fortsatte imidlertid å organisere etter dei uskrevne lover og reglar som hadde eksistert fra tida før europearane. På allmøter vart personer valt til ulike verv som kunne trekkast tilbake om tilliten vart misbrukt. Ei viss grad av samfunnssjølvstyre var altså tilstade. Ny-Spania var eit hierarkisk og rasistisk samfunn. Innbyggarane fekk makt etter kor mykje spansk blod dei hadde i årene. Misnøya med spanjolane blant den veksande blandingsbefolkninga førte etter kvart til opprørske tilstandar. I 1810 starta frigjeringskrigen frå Spania, kor mange urfolk verva seg til opprørshæren. I 1821 erklærte Ny- Spania seg uavhengig. Den nyerklærte meksikanske republikken viste seg vanskeleg å kontrollere for ei sentralmakt, og perioden fram til 1928 vart prega av usemje og borgarkrig. Sentralmakta hadde store problem med å kontrollere landet sine enorme områder, og fleire regionar var i realiteten autonome.

Starten på diktaturet

General Porfirio Díaz utførte i 1876 eit kupp og bygde diktaturet som skulle vare i 33 år. Ved å sentralisere makta, forby opposisjon, fri presse og demokratiske val, fekk han slutt på borgerkriaene som hadde rast i meir enn 60 år. Ved hjelp av lån i utanlandske bankar, bygde Díaz ut infrastrukturen og industrien. Hans kapitalvenlege form for demokrati førte til at mange utlendingar ynskte å investere i Mexico. Mykje av jorda vart privatisert og ofte lurt frå bøndene som budde på den. I tillegg vart ei mengd av Mexico sine naturresursar bytta mot dollar og utanlandske varer. Díaz vidareførte kolonimakten sin splitt- og hersk-politikk, og bygde seg opp ei mengde klientar i det meksikanske samfunnet. Desse fekk ulike tjenester eller privilegier mot politisk støtte. I denne perioden mista urbefolkninga mykje av autonomien dei hadde bevart sidan den spanske okkupasjonen, og oppstand vart brutalt slått ned.

Revolusjon!

Emiliano Zapata 1879-1919 Foto: Ukjent

Til og med delar av borgarskapet såg at dette ikkje ville vare, og for å hindre at radikale krefter tok makta, oppfordra Francisco Madero i 1910 til revolusjon. Madero kom sjølv fra ein av dei rikaste familiane i Mexico og hadde verken sosiale reformer eller større endringar på agendaen. Fleire opprørsrørsler var då allereie i gong. I delstaten Morelos sør for hovudstaden hadde ei urfolksdominert bonderørsle valt Emiliano Zapata til general i ”Den Sørlege Frigjeringsrørsle” (ELS). Zapata var inspirert av anarkistisk ideologi, og han kjempa under slagordet ”Jord og Fridom”. I 1911 kontrollerte dei fillekledde zapatistane delstatshovudstaden Cuautla. Gjennom deira Plan de Ayala krevde dei fordeling av storgodsene si jord til fordel for kollektivt eigarskap av bøndene. Madero overtok makta, men ville ikkje innfri krava.

Byborgarskapet og dei revolusjonære fagforeiningane frykta den mektige rørsla av opprørske bønder. Anti-indiansk rasisme vart knytta sammen med revolusjonære slagord, og det vart piska opp ein voldsam stemning mot zapatistane. Då føderale styrker vart sendt for å avvæpne dei, svarte Zapata at ”om folket ikkje kunne vinne sine rettar no når de var bevæpna, ville dei vere sjanselause ubevepna”. Og dermed var kampene i gong igjen. Zapatistane firte ikkje på krava og vann fleire slag mot regjeringstyrkane. I fleire statar tok andre revolusjonære grupper opp kampen for lokale krav, og landet var på ny kasta ut i kaos. Dei konservative satte i gong ein motrevolusjon for å styrte Madero og sette inn ein av hans generalar som president. Zapatistane fortsatte å kjempe, noko som endte med henrettinga av Zapata i 1919. Etter kvart gjekk så den første zapatistrørsla i oppløysing.

Dei konservative si grunnlov av 1917 anerkjente ikkje urbefolkninga sine kollektive rettar. I staden var det ei grunnlov som i vestleg ande garanterte individuelle rettar og slo fast at alle er like. Den seier at den meksikanske nasjon er fleirkulturelt samansatt, men anerkjenner verken urbefolkninga sine politiske eller økonomiske rettar. I det nye Mexico skulle urbefolkninga gje slepp på sin kultur og sine tradisjonar.

Det perfekte diktatur

Partido Revolucionario Institucional 1929-2000

Det Institusjonelle Revolusjonspartiet, PRI, etablerte utover 20-åra det forfattaren Mario Vargas Llosa kallar ”det perfekte diktatur”, kor den same maktkonstellasjonen sat med makta fram til år 2000. Mange av dei radikale ideane frå revolusjonen vart etter kvart statleg politikk, men så utvatna at det var akseptabelt òg for landet sine konservative krefter. Inspirert av kolonimakta og Díaz forsøkte dei å kjøpe sine fiendar. PRI var meir opptatt av å behalde makta enn å gjennomføre ein bevisst ideologisk politikk og utvikla dermed eit vanvittig korrupt byråkrati. Historikaren Brian Hammet går så langt som å kalle det ”ein hybrid av fascistiske Italia og kommunistiske Sovjetunionen, men med verken fascisme eller sosialisme”. Partiet knytta nære band til fleire store sektorar og forsøkte deretter å setje dei opp mot kvarandre. Arbeiderrørsla vart forsøkt kontrollert ved store industrialiseringsprogram og nasjonalisering av delar av industrien. Med stønad frå ytste høyre til marxistiske venstre vart heile oljeindustrien nasjonalisert i 1938. Det vart møtt med jubel hos befolkninga og sinne hos dei utanlandske eigarinteressene. PRI satte etter kvart i gong jordreformer, og distribuerte land til bøndene gjennom ejido-systemet. Det går kort ut på at jorda eigast kollektivt av samfunnet som bur og arbeidar på den. Men langt frå nok jord vart distribuert, og i Chiapas kontrollerar storgodsa store deler av den fruktbare jorda den dag i dag. Private bedriftseigarar vart ynskt velkomen inn i partiapparatet og hadde stor makt over leiinga.

PRI-regimet med sitt enorme antal klientar kosta óg meir enn kva Mexico kunne produsere, og utenlandsgjelda berre auka. På åttitallet førte den ideologiske ”ja takk – begge delar”- politikken til republikken sine totale konkurs, og IMF og Verdensbanken tok over spakane. Sjølv om PRI- regimet kunne vise til generell økonomisk vekst for nasjonen i perioden etter 2. verdenskrig, kollapsa økonomien fleire gongar, og den politiske uroa voks utover sekstitalet. Krava frå revolusjonen var enno ikkje oppfylt, og uroa toppa seg med massakren på streikande studentar og arbeidarar 2. oktober 1968.

Mexico by, Mai 1968

Over fem tusen menneske var samla til demonstrasjon på La Plaza de las Tres Culturas i Mexico by då militær- og politistyrkar angreip. Over 300 vart drepne. Mexico skulle same år som fyrste land i Sør arrangere OS og ynskte å knuse den veksende radikale student- og arbeiderrørsla før verda sine auge vart retta mot landet. Mange måtte gå under jorda, og fleire forlot hovudstaden. Nokrevrevolusjonære drog til Chiapas, kor dei forsøkte å organisere urbefolkningssamfunn etter maoistiske prinsipp. Tidlegare hadde delstaten sett to geriljarørsler, men begge gjekk i oppløysing etter manglande stønad frå sivilbefolkninga. I tillegg reiste fleire radikale misjonerande rundt i området. Inspirert av frigjeringsteologien organiserte dei meinigheitar kor ein diskuterte Gud sin bodskap ut i frå urbefolkninga sin eigen kvardag. Dei oppfordra óg folk til å organisere seg, og til å stå imot undertrykking utanfrå.

Zapata lever!

I Mexico var det i løpet av siste halvdel av forrige århundre urfolksopprør i mange områder. I San Cristóbal de las Casas, Chiapas, vart Urbefolkningskongressen arrangert i 1974. Det viktigaste resultatet frå kongressen var at den samla dei ulike urfolksgruppene, lot dei drøfte problem og oppmuntra dei til å kjempe saman. Dermed var kampen for urfolksrettar for alvor i gong. Samtidig voks liknande rørsler fram i fleire latinamerikanske land, men med ulike mål. Medvitet kring eigen urfolksbakgrunn, ynskje om sterkare etnisk identitet og autonomi virka likevel samanfallande. I oktober 1992 vart statua av San Cristóbal sin grunnleggjar, spanjolen Diego de Mazariegos, riven ned. Handlinga vart eit symbol på korleis dei chipanekiske urfolka nekta å delta i feiringa av møtet mellom to verdar, eit møte som vart starten på undertrykkinga av kontinentet sitt folk.

To zapatistar med EZLN sitt flagg

I Chiapas starta ein planlegginga av eit opprør allereie i 1984. Revolusjonære, bonde- og urfolksrørsler hadde fleire store møter i jungelen, og det tok fleire år før dei vart einige om kva slags retning kampen skulle ta. I motsetning til dei tidlegare revolusjonære rørslene i området forsøkte ikkje zapatistane å omvende urbefolkninga til sin ideologi eller –isme. Zapatismen var noko som voks fram i dialog mellom folk med ulike interesser og bakgrunn. Den forherligar verken urbefolkningen sin tradisjonelle levemåte eller ein bestemt marxistisk ideologi, men prøver å foreine det beste fra fleire leirar. For eksempel er ikkje urbefolkningen sitt tradisjonelle kvinnesyn i samsvar med zapatistane sin kamp for likestilling.

I fylgje den tidlegare biskopen i Chiapas, Samuel Ruíz, visste myndigheitane lenge at eit opprør var under planlegging i jungelen. I 1993 fann og øydela militæret fleire av EZLN sine treningsleirar, og militære rapportar viser at fleire soldatar fall i desse operasjonane. Soldatane trakk seg derimot tilbake då kardinalen av Guadalaja vart drepen same år, og nabolandet Guatemala vart utsatt for eit kupp. Verden sine auge var retta mot området, og Mexico, som straks skulle underskrive NAFTA-avtalen om frihandel, hadde ingen interesse av ei konflikt i Chiapas.

Den fyrste januar 1994 tok EZLN til våpen mot staten og nyliberalismen i Mexico.


Zapatistgruppa i Bergen
bergen@zapatista.no

Handlevogn

Vis handlevogna di.