Om Zapatistane

Zapatistane er ei rørsle av ulike urfolksgrupper i Chiapas som kjempar mot den imperalistiske valden og undertrykkinga dei har blitt utsatt for i århundrer. Trykkjer du her kjem du til ein kortfilm (6.28 min) om zapatistrørsla.

Den fyrste januar 1994 gjennomførte zapatistane eit væpna opprør og sidan då har dei kjempa for sine rettar som bønder og urfolk. Etter 12 dagar med opprør hengde dei våpena sine over skuldra og har sidan ført kampen sin på andre måtar. Dei har mellom anna arrangert nasjonale og internasjonale stormøte og folkeavstemningar, og dei har utvikla sjølvstyre i dei autonome landsbyane. Zapatistane arbeider ikkje for å ta den politiske makta i Mexico. Dei kjemper for at alle skal ha like rettar til arbeid, jord, tak, mat, helse, utdanning, uavhengigheit, fridom, demokrati, rettferd og fred - «Alt til alle, ingenting til oss».

Zapatistrørsla strevar etter sjølvstyre og har, trass statens undertrykking, skapt eigne sjølvstendige og demokratiske myndigheiter, sjukehus og skular der barna blir undervist på sitt eige språk og får lære seg si eiga historie. Dei utdannar sjukepleiarar og lærarar slik at landsbybebuarane får tilgang på helsetjenester og slepp å verte henvist til statlege skular der ungane ofte får mangelfull undervisning og vert dårleg handsama. For å vere uavhengige har zapatistane valt å ikkje akseptere noko økonomisk stønad frå staten.

Les meir om ulike tema i menyen oppe til høgre >>>


Zapatistgruppa i Bergen
bergen@zapatista.no

Handlevogn

Vis handlevogna di.