Rettvis?

Mexico er langt vekke. Korleis veit eg at bøndene får godt betalt? Og kvifor er ikkje kaffien rettvisemerkt?

Me samarbeider med den svenske gruppa Solidaritetsföreningen K'inal og den finske gruppa Café Caracol  om kaffiimporten. Saman med dei kjøpte me i 2009, 2010, 2011, 2012, 2013 og 2014 grøn kaffi direkte frå kooperativet Yachil i Chiapas. I 2008 kjøpte me bønner frå kooperativet Ssit Lequil Lum, via ei fransk gruppe som samarbeider med dei. I 2006 og 2007 kjøpte me kaffien frå gruppa K'inal, som dei igjen hadde kjøpt frå kooperativet Mut Vitz. Kooperativet leverer den grøne kaffien i hamna i Vera Cruz, kor dei lastar han over i båtar som fraktar han til Uppsala. I Uppsala har me ein avtale med firmaet Lindvalls kaffe, som brenn og pakkar kaffien. Så fraktar Schenker han med lastebil til lageret vårt i Bergen.

Kollektivet Mut Vitz var tidlegare kontrollert av Rättvisemärkt/Fairtrade Labelling Organizations International (FLO). Les meir på www.rattvisemarkt.se, www.maxhavelaar.no og om FLO på www.fairtrade.net. Zapatistane har valt å avslutte samarbeidet med Fairtrade Labelling Organizations International (FLO) frå 2008. Zapatistane slutta samarbeidet med FLO fordi dei oppfatta organisasjonen som ein del av den rike delen av verda. Zapatistane tykte at dei måtte betala mykje for unødvendig kontrollering. Zapatistane i kooperativet Ssit Lequil arbeider  no saman med universitetet i Vera Cruz om ei ny merkeordning. Kaffien er altså like rettvis som før, men vi har fjerna FLO logoen frå pakkane våre.

Kor går pengane?

Når du kjøper ei pakke traktekaffi (500 gram) for kr 60,-  (Tala er frå 2014) av oss går pengane dine til dette: 23 kroner går til Yachil for dei grøne bønnene. Ettersom kollektivet har utgifter så får kaffibonden litt mindre i handa. Vidare går 1 kroner går til transport, 9 kroner går til brenning og pakking og 8 kroner til avgifter og gebyrer. 19 kroner er då vårt «overskot» når vi sel pakken direkte til deg. I nokre butikkar kostar kaffien meir enn 60 kroner. Mellomlegget går då til forseljaren.

Her er ein oversikt over kva pengane du betalar for ein pose filter frå oss har gått til i år og tidlegare år.

År Pris Per pose til Yachil Transport Brenning og pakking Moms og gebyrer «Overskot»
2014 60 23 1 9 8 19
2011 55 20 3 8 7 17
2010 50 15 2 10 7 21

Som vi skreiv over gjev vi ein høgare pris enn FLOs minstepris. Under er ein oversikt over kor mykje vi har betalt kooperativa for ein kilo grønne kaffibønner i år og tidlegare år. Tala er samanstilt med minsteprisar frå FLO og prisar frå den internasjonale kaffibørsen i New York. (New Your-prisane er frå http://futures.tradingcharts.com/historical/CF/2012/0/continuous.html og rekna om frå cent per pund til kroner per kilo.)

År     Vår pris til Yachil FLO New York børsen
2014     40   19-31
2013     38   18-24
2012     37   19-24
2011     34 24 30-40
2010     25 14 20-30

Frå 2009 har vi betalt kaffien i meksikanske pesos per kilo for å gje meir stabilitet for bøndene. Tidlegare betalte vi i amerikanske dollar per pund, slik at det var lett å samanlikne med FLO og marknadspriser. Men store variasjonar i kursen mellom dollar og pesos gjorde dette vanskeleg for bøndene. I 2012 betalte vi 80 pesos per kilo grønn kaffi, mens vi i 2013 of 2014 betalte vi 78 pesos per kilo.

Kvifor betalar me ikkje meir?

Syns du 19 kroner til oss var for mykje? Me er heilt einige. Men foreløpig er me avhengig av dette overskotet for å betale ned lån. Då vi starta importen av Café YaBasta måtte me låne pengar for å kome i gong, og dette må betalast tilbake. Fram til no har me óg hatt problem med å betale for neste innkjøp og neste brenning.  Dette skuldast at me har kjøpt meir kaffi kvart år, og at prisen me har gitt kooperativet har auka. No trur me me har nådd den importmengda me klarar å omsette 3 tonn pr år. På sikt ynskjer me å betale til zapatistanes øverste organ «Junta de Buen Gobierno». Alt arbeid i zapatistgruppa skjer på dugnad, og det er ingen av oss som får løn eller anna økonomisk vinning av kaffisalet.

Den største skilnadan mellom oss, dei store kaffiselskapa og fairtrademarknaden er at uavhengig av kva resten av marknaden finn på lovar me at kaffibøndene skal få ein stabil pris for jobben dei gjer, slik at dei kan skape seg eit trygt og forutsigbart liv. Me har ein politikk å å  betale meir enn marknadspris på kaffien, slik at kooperativet slepp å konkurrere med innkjøparane («coyotene») frå kaffikjedene. Målet vårt er óg å halde ein høg pris, sjølv om marknadsprisen skulle synke att.

Me deltek i eit europeisk nettverk av organisasjonar som driv solidaritetsarbeid med zapatistane. Dette nettverk fastset kvart  år, i samråd med zapatistane, pris for bønnene. Dette gir stabilitet for bøndene, og vi slepp konkurranse mellom grupper og kooperativ. Mange av dei andre gruppene ville ha problem med å få solgt kaffien dersom utgiftene til grøne bøner blir for høg. Det er ikkje mogleg å få selt kaffi som er alt for mykje dyrare enn vanleg marknadspris. Dei gruppene som sit igjen med pengar etter å ha selt kaffien, søkjer å gje det meste av dette attende til zapatistane. Noen grupper gjev óg til gode føremål i heimlandet. Dette er óg vårt mål.

Vår forpliktelse ovanfor bonden gjev oss og eit ansvar – me kan ikkje gå konkurs. Derfor kan me ikkje ta inn  meir kaffi enn me klarar å selgje, eller betale meir enn me klarar å omsette kaffien for. Me ynskjer ikkje å ende opp som eit bistandsprosjekt. Café Ya Basta er solidaritet i praksis – me  og du støttar eit allereie sterkt og sjølvstendig zapatistisk samfunn.


Zapatistgruppa i Bergen
bergen@zapatista.no

Handlevogn

Vis handlevogna di.

Katalog