Kaffiprisane går opp

Prisen for kaffi i verdsmarknaden går stadig opp, og me aukar difor prisen på 500g kaffi kjøpt frå lager til 60kr posen frå 1. mars. Dette gjer at me kan betale bøndene betre for kaffien me har tinga for 2012. Med den nye prisen kostar café yabasta omkring det same som normal utbyttarkaffi kjøpt i ein daglegvarebutikk. Grunnen til at me kan selje kaffien så billeg er at alt importarbeidet skjer på dugnad. Me kunne difor betale bøndene omkring dobbelt så mykje for kaffien i 2011 som dei hadde fått om dei hadde selt kaffien som såkalla "rettferdig" til eit av dei norske kaffihusa.
 
Café YaBasta meiner det er positivt at kaffiprisen går opp. Småskala kaffidyrking er utruleg hardt arbeid marknaden betalar svært lite for. Utfordringa til bøndene er kva dei skal gjere når prisane går ned att. Det vert spekulert stort i kaffi, og vér og klima kan påvirka produksjonen stort. Dei siste rapportane frå chiapas lovar godt, og 2012 ser ut som eit godt jordbruksår for zapatistbøndene.
 
Du kan lesa meir om prisutviklinga på heimesida til Norsk Kaffeinformasjon. Hjå International Coffee Organization kan du sjå utviklinga i marknadsprisen dei siste åra. 
 
Kaffi tinga før 1. mars kostar 55kr per 500g.


Zapatistgruppa i Bergen
bergen@zapatista.no

Handlevogn

Vis handlevogna di.