Café Ya Basta er kaffi frå zapatistiske samvirkelag importert på dugnad av Zapatistgruppa i Bergen. Me er ei ideell aktivistgruppe som driv informasjonsarbeid om zapatistrørsla og import av kaffi frå zapatistiske samvirkelag i Chiapas, Mexico. På heimesida vår finn du informasjon om kaffi, zapatistrørsla, kaffisamvirkelag, og om oss. Klikk deg vidare til ulike tema i fanene øverst, da finn du undermenyar på høgre side der du kan lese meir om ulike tema
Drikk zapatistkaffi
Zapatistgruppa i Bergen har drive med solidarisk import og sal av kaffi sidan 2006. Importarbeidet skjer i samarbeid med vår svenske og finske systergruppe. Kaffibønnene vert transportert med kontainerskip frå Mexico til Uppsala i Sverige. Der vert kaffien brent og pakka hjå familien Lindvalls røsteri. Kaffien vert deretter transportert til Zapatistgruppas lager i Bergen, der me distribuerar den vidare til kaffidrikkarar over heile landet. Om du vil kjøpa økologisk og rettvis kaffi til deg sjølv, jobben, fagrørsla, idrettslaget, organisasjonen din eller nokon andre du er glad i, kan du tinge no.
Alt om kaffi
Korleis og kor vert kaffi dyrka? Kor mykje kaffi drikk me i Noreg? Kvifor er kaffi så billeg? Kva innverknad har kaffiproduksjon på miljøet? Desse spørsmåla, og fleire, freistar me å svara på her.
Hjelp til
Om du har lyst til å hjelpe oss er du velkommen til å ta del i gruppa! Vil du hjelpa oss med praktiske saker utan å bli med, set me også pris på det. Zapatistgruppa er aktive i Bergen, men me hjelper deg gjerne med å starta import til andre deler av landet. Ta kontakt med oss!
Utsal og servering
Nettbutikken finn du her. Kaffien er også til sals over store delar av landet av trufaste støttespelarar. Her får du kjøpt Cafè Ya Basta over disk eller i kopp:
Bergen:
Hordaland Kunstsenter, Klosteret 17
Reindyrka, Christian Michelsensgt. 1
Victoria pub og café, Kong Oscars gate 29 (kun servering)
Vestlandet:
Mjøsvågen kafé, Hosanger, Lonevåg, Osterøy
Norsk trikotasjemuseum, Salhusvegen 201 Gardsbutikken, Sogn jord- og hagebruksskule, Skulevegen 24, Aurland
Idunns epler, Buholmgata 6, Ålesund
Nord-Noreg:
Sivertsens kafé, Vestregata 48, Tromsø Karlsøybutikken, Gammelskolen, Karlsøy
Internasjonalt senter, Storgata 45, Bodø
Trøndelag:
Svartlamon Samvirkelag, Strandveien 21, Trondheim
Austlandet:
BUA - Bærekraft i Butikk, Ås
Oslo:
Blitz, Pilestredet 30c
Tiger, Hammersborggata 18
Røtter Frogner, Colbjørnsensgate 12
Maksitaksi, St. Olavsgate 23/Pilestredet 25 (servering)
Taxi Take Away, Maridalsveien 2 (servering)